KVINNHERAD HESTESKYSSLAG      

 
1. Føremål
Kvinnherad Hesteskysslag er ein medlemsorganisasjon som har som føremål å:
Arbeida for ein fornuftig og variert bruk av hesten slik at hestehald framleis kan vera ein naturleg del av bygdemiljøet vårt.
Organisera og marknadsføra aktivitetar rette mot lokalmiljøet og turistnæring.
Halda andre kurs om t.d. restaurering av hesteutstyr, lærarbeid og hovslagararbeid.
Tilby kurs og aktivitetar til skular, ppt, sosialkontor og funksjonshemma
Få laga utstillingar og aktivitetar om tema hest og hestehald.
2. Medlemsskap
Einskildpersonar, familiar, institusjonar, klubbar og lag kan takast som medlemer i Kvinnherad Hesteskysslag.
Lagspengar vert fastsett av årsmøtet.
Kvar medlem kan melda opp fleire ekvipasjar, men ein vil bli prioritert og dei andre vil stå som reserve.
Alle som køyrer for laget skal vera medlem i laget.
Som medlem av laget plikter ein seg til å la alle betalte køyreoppdrag innanfor kjerneområdet f.o.m. Ljosnes t.o.m. Løfall bli organisert gjennom laget. 
Køyreoppdrag utanfor kjerneområdet som ikkje er organisert gjennom laget kan utførast av medlemer. 
Dette må utførast som privat oppdrag og vert ikkje dekka av laget si forsikring.
For å nytte anlegget til Kvinnherad Hesteskysslag vert det kravd medlemsskap eller leige. Leige skal vedtakast av styret i laget.
3. Styret
Laget skal ha eit styre på 5 medlemer, valde av årsmøte. Ein av styremedlemene skal vera skrivar og ein kasserar. 
Leiar vert vald av årsmøte for eitt år om gongen.  Dei andre styremedlemene vert valde for 2 år, såleis at kvart år går to ut, fyrste gongen etter lutdraging.  
Årsmøtet vel kvart år 2 vararepresentantar til styret. 1. vararepresentant har møteplikt og talerett, 2. vararepresentant har møte- og talerett.
Styret kan etter trong etablera arbeidsgrupper for ulike aktivitetar. Styret utarbeider instruks og vedtek arbeids- eller funksjonstid for gruppene.
Styret kan kallast saman så ofte leiaren finn det turvande, eller når 2 andre styremedlemer krev det. 
Styret er vedtaksført når 3 styremedlemer møter og vedtak dei gjer er samrøystes. Vedtak i styret vert gjort med simpelt fleirtal. 
Ved likt stemmetal har leiaren dobbeltstemme.
Styret gjer avtale med kontaktperson.
4. Årsmøte
Årsmøte vert halde før utgangen av februar månad kvart år og gjort kjent med lysing eller skriftleg innkalling seinast 14 dagar før årsmøte. 
Røysteføre på årsmøte er berre dei som har betalt kontingent og som har fylt 16 år for gjeldande år.
Saker til årsmøte må vera styret i hende 1 veke før årsmøte.
Alle vedtak vert, når ikkje anna er sagt, gjorde ved vanleg fleirtal.
Er det likt røystetal ved val vert valet avgjort ved lutdraging.
På vanleg årsmøte blir det lagt fram og gjort vedtak om:
Val av møteleiar
Val av skrivar
Val av 2 til å skrive under møteboka
Årsmelding
Rekneskap, delt i køyrerekneskap og lagsrekneskap
Budsjett
Val av leiar
Val av styremedlemer
Val av 2 revisorar
Val av 2 vararep.
Val av valnemnd
Val av godkjenningsnemnd
Fastsetjing av lagspengar, trekkprosent og godtgjersle til kontaktperson og kasserar.
Innkomne saker
5. Omframt årsmøte
Omframt årsmøte kan berre ha føre dei sakene som er nemnt i innkallinga.
6. Endring av lovene
Laget sine lover kan endrast på vanleg årsmøte, men krev då 2/3 dels fleirtal i årsmøte.
7. Oppløysing av laget
Om laget skal løysast opp kan dette berre verta gjort med 2/3 dels fleirtal på eit årsmøte og med simpelt fleirtal på omframt årsmøte minimum 1 månad etter. 
Midlar som laget har inneståande ved oppløysing, skal tilfalla Kvinnherad Gjensidige Fjordhestlag til fremje av hesteinteressa i kommunen. 
Midlane skal leggjast til grunnfondskapitalen.

(stadfesta på årsmøtet 2006)

 

Tilbake